torsdag 14. mai 2009

Mønsterelev

Eg lurar på kven som bestem forteljingas struktur. Er livet som ei forteljing eller ei historie. Kva kjem fyrst og kva kjem sist og kva burde komt men kjem seinare. Det religiøse aspektet i denne tankerekkja er forøvrig ikkje del i mi forundring.

Kven bestem kva som er viktigare. Kven bestem korleis dei estetiske prinsippa skal vere. Når ein les litteratur fascinerast ein ved det fiktive aspektet, kunsten som fenomen. Den tilsynelatande røyndomen er berre fiktiv, og i denne røyndomen finn vi mønstre og strukturar vi kjenn oss igjen i.

Videre resonerar ein seg fram, eller skal eg sei analyserar kanskje? til ein struktur. Ser du denne strukturen er du forøvrig genial! Men aspekta er ferdigtenkt, og ikkje minst kjedelig. Men skulle eg vere så heldig at eg klarar å sjå mønstret i dei mellomennesklege relasjonane, då får eg augene opp for denne analysa og ikkje minst for strukturane.

For eg opplever at når eg har ein symmetrisk relasjon med nokon og denne nokonen gjer noko eg ikkje likar seier eg det gjerne. Den personen seier ikkje så mykje tilbake. Men eg ser mønstret. Det snirklar seg rundt og er eigentlig ikkje noke ein rasjonell ærlig person kan sjå. Eg gjorde det ikkje før. Men no gjer eg det. Rett og slett fordi så mange har gjort det.

Om alle kunne vore ærleg så slapp eg den analysa. Då kunne eg konsentrere meg om noko anna. 

1 kommentar:

  1. No og på nynorsk! Eg er mektig imponert, dette var slettes ikkje verst altså!

    SvarSlett